Sjukepleiarar
4 semanas atrás
Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 31. desember
Vi søkjer etter sjukepleiarar til omsorgstenestene, faste 100 % stillingar
Kvifor søkje hos oss?
Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
3-delt turnus. Per i dag har vi årsplan med moglegheit for å gå langvakter
I tillegg vert du medlem i KLP Sjukepleiarordning, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids
- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Hyllestad er ein av kommunane der du får sletta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år til dess det er nedbetalt. Du må vere busett i Hyllestad, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år før ordninga vert gjeldane.
Som sjukepleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
Bidra til å sikre forsvarlege pleie og omsorgstenester, og at oppgåver vert utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
Yte nødvendig helsehjelp
Medikamenthandtering
Oppfølging av individuelle planar, inkl. primærkontaktansvar, journalføring
Bidra til fagleg utvikling av tenesta
Oppretthalde eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande, kollegaer og andre faggrupper
Rettleiing for studentar og andre
Halde deg fagleg oppdatert på eige fagområde og interne rutinar
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Du må ha
norsk autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk godt. Om du har vidareutdanning eller erfaring innan områda kreft, palliasjon, e-helse, rettleiing, diabetes, sårbehandling eller psykiatri ser vi det som ein fordel, men det er ikkje eit krav.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert sjukepleiar som ønskjer å levere tenester av høg kvalitet. Om du har evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok den rette nye medarbeidaren for oss
For å arbeide i heimesjukepleien er det naudsynt med førarkort for personbil, vi har eigne bilar til disposisjon i arbeidstida. Heimetenestene er lokalisert i same bygg som institusjon og det er ynskjeleg at ein som tilsett er fleksibel og kan ta vakter på båe stadar.
Tilfredsstillande politiattst må leverast før tiltreding, samt eigenerklæring om smittevern.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få av kst. einingsleiar omsorg Hilde Håvåg, telefon , eller personalrådgjevar Unni Systaddal, tlf. .
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.
Vi ser fram til din søknad
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår
Søknadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn, så ikkje vent med søknaden din.
Relevante lenkjer
Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
Sjå film om den fine kommunen vår
Arbeidsplassen.no - andre ledige stillingar i Hyllestad
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Personalrådgjevar Unni Systaddal
Om bedriften
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde
-
Sjukepleiarar
Há 7 dias
Município de São Francisco de Paula, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 500.000 - 700.000 por anoHyllestad kommune OmsorgstenesteneÅfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest onsdag 31. desemberVi søkjer etter sjukepleiarar til omsorgstenestene, faste 100 % stillingarKvifor søkje hos oss?Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver...
-
Município de Matipó, MG, Brasil Kinn kommune Tempo inteiroKinn kommune Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiarstilling Kulatoppen Omsorgssenter og bemanna omsorgsbustad Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna...
-
Sjukepleiar, i inntil 100 vikariat
Há 3 dias
Município de Guanambi, BA, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 550.000 - 650.000 por anoGulen kommuneSøre Garden 28, 5970 Byrknesøy, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelSone BBD. Tilsetjing sjukepleiar, 100% vikariat (avd. Byrknes) frå Type ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest onsdag 10. septemberOm stillingaGulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone...
-
Sjukepleiar
1 semana atrás
Município de Mata de São João, BA, Brasil Myrvåg omsorgssenter seksjon A Tempo inteiroMyrvåg omsorgssenter seksjon A Åsvegen 13, 6080 Gurskøy, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiar Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest tirsdag 10. juni Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter engasjerte sjukepleiarar. Vi har fleire ledige stillingar: **Fast...
-
Sommarvikarar I Bu Og Miljø
2 semanas atrás
Município de Satuba, AL, Brasil Aurland kommune Tempo inteiroAurland kommune Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sommarvikarar ved bu og miljø - 2. gongs utlysing Type ansettelse Feriejobb, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 5 Om stillinga Me har behov for fleire ferievikarar i perioden 01.06.25 - 31.08.25 ved bu og miljø, i bufellesskap...
-
100% Stilling Som Fastlege I Vakre Lærdal Kommune
2 semanas atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Helsesenter Tempo inteiroLærdal kommune Helsesenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fastlege Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest onsdag 25. juni I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival,...
-
Ledig Stilling
1 semana atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest mandag 8. september 100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel) I Lærdal bur me ikkje meir enn...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie. Rekrutteringstilskot Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus, alle dager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 4. juli I Lærdal bur me ikkje meir enn...