
Sjukepleiar
Há 3 dias
Åsvegen 13, 6080 Gurskøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest tirsdag 10. juni
Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter engasjerte sjukepleiarar. Vi har fleire ledige stillingar:
**Fast stilling i 100 prosent**: Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med ordinære vakter kvar tredje helg. Stillinga er ledig frå 11.08.25.
**Vikariat i 80 prosent**: Arbeidstida er organisert i todelt turnus med langvakter på 12,5 timar kvar fjerde helg. Stillinga er ledig frå 11.08.25.
Vi ber om at du spesifiserer kva av stillingane du søker på.
**Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar**:
**seksjon A**: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids
- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
**seksjon B**: seksjon for personar med demens med langtids
- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
yte pleie
- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
utarbeide og følge opp tiltaksplanar
fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
Kvalifikasjonar
norsk autorisasjon som sjukepleiar
gode datakunnskapar
kan brukte IKT som arbeidsverktøy, erfaring med journalsystemet Gerica er ein fordel
god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
har gode samarbeidsevner
er strukturert og sjølvstendig
er god til å prioritere arbeidsoppgåver
er løysingsorientert og fleksibel
har fokus på heilskapleg pasientforløp
likar faglege utfordingar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse arbeidsoppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
løn etter gjeldande tariffavtale
gode forsikrings
- og pensjonsordningar gjennom KLP
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
fagdag i turnus
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478
Arbeidsstad
Åsvegen 13
6080 Gurskøy
**Nøkkelinformasjon**:
**Arbeidsgivar**: Herøy kommune
**Referansenr.**: 4974869493
**Stillingsprosent**: 100%
Fast
**Søknadsfrist**: 10.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Anna Emilie Blomstervik
Seksjonsleiar
+47 98075478
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids
- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
2954400
Hentet fra
talentech
Referanse
0c0fda2df3fa46c58c98fd60a456a176
-
Sjukepleiar for Seksjon A
Há 3 dias
Município de Mata de São João, Brasil beBeeSjukepleiar Tempo inteiro 600.000 - 750.000JobbbeskrivelseVi søker etter en dedikert og erfaren sjukepleiar til å lede arbeidsgruppen vår på Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter.ArbeidsoppgaverYte pleie og omsorgsoppgaver for pasienter i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)Utarte og følge opp tiltaksplanarFaglig hovedansvar for legemiddelhandteringFølge opp medisinske tiltak...
-
Sjukepleiar/vernepleiar På Kulatoppen Omsorgssenter
1 semana atrás
Município de Matipó, MG, Brasil Kinn kommune Tempo inteiroKinn kommune Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiarstilling Kulatoppen Omsorgssenter og bemanna omsorgsbustad Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie. Rekrutteringstilskot Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus, alle dager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 4. juli I Lærdal bur me ikkje meir enn...
-
Brenn Du for Miljøterapi Og Rusbehandling?
3 semanas atrás
Município de Primavera, Brasil TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Tempo inteiroTSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HFAsaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelSjukepleiarType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 1. juniPå TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju...
-
Ledig Stilling
1 semana atrás
Município de Rio Espera, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorgØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelSjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KADType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest mandag 8. september100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200...
-
Helsefagarbeidar Kulatoppen Omsorgssenter
1 semana atrás
Município de Matipó, MG, Brasil Kinn kommune Tempo inteiroKinn kommune Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Helsefagarbeidar, Kulatoppen Omsorgssenter Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar (HDO)...