Klubbmedarbeidar

Há 17 horas


Município de Satuba, Brasil Aurland kommune Tempo inteiro
Aurland kommune
Skulevegen 5, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Klubbmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 31. august
Om stillinga
Me har ledig 40% fast stilling som klubbmedarbeidar ved fritidsklubben frå .
Fritidsklubben held til like ved Aurlandshallen, og har tre tilsette. For dei yngste frå 5. - 7. trinn har vi aktivitetsklubb på onsdagar og på fredagar er det klubb for 8. trinn til 18 år. Tysdagar er det leksehjelp for alle i målgruppa til fritidsklubben. Fritidsklubben har store og romslege lokale med mellom anna gamingrom med Xbox og Playstation5, biljard, bordtennis og airhockey, samt dansegolv og hobbyrom. Fritidsklubben nyttar og uteområda både på skulen og Aurlandshallen til aktivitetar.
Fritidsklubben er organisert i kommunalområde oppvekst, som ei avdeling under Aurland barne
- og ungdomsskule (Abu). Fritidsklubben er ein ungdomsstyrt og uformell møteplass som skal samhandle tett med øvrige avdelingar i avdelinga.
Arbeids
- og ansvarsområde
Legge til rette for trivsel og trygge rammer på fritidsklubben
Vere ein trygg vaksenperson
Faste vakter kvar onsdag og fredag kveld i skuleåret
Planlegge og marknadsføre aktivitetar i fritidsklubben
Kontaktperson for klubbstyret
Utvikle og gjennomføre prosjekt i samarbeid med andre avdelingar i kommunalområdet
Planlegging og handling til kiosk
Daglege rutinar, til dømes reinhald, rydding og oppmøtelister
Kontakt med føresette og ungdomane
Me tilbyr
ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons
- og forsikringsordningar
løn etter tariff
minimum 6 år ansiennitet ved fagbrev barne
- og ungdomsarbeid
gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
gratis inngang til symjehallen
å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
barnehageplass i Aurland barnehage
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barn
- og ungdomsarbeidar
Erfaring frå arbeid med born og unge kan erstatte fagbrev
Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
Du må ha interesse for, og like å jobbe med, born og unge. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
**I tillegg ynskjer vi at du er**:
Ansvarsfull
Tillitsbyggande
Kreativ
Omsorgsfull
Initiativrik
Samarbeidsvillig
Aurland kommune er i stadig utvikling, og det blir venta at klubbmedarbeidaren bidreg aktivt til utvikling og arbeid på tvers av avdelingane.
**Våre verdiar er**: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns
- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
Kvelds
- og helgearbeid må påreknast
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest
Krav til språk
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Katrine Clausen Fredheim
kulturskulerektor
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings
- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur
- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell
- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal
  • Klubbmedarbeidar

    4 semanas atrás


    Município de Satuba, Brasil Aurland kommune Tempo inteiro

    Aurland kommuneSkulevegen 5, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelKlubbmedarbeidarType ansettelseFast, deltidArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 31. augustOm stillingaMe har ledig 40% fast stilling som klubbmedarbeidar ved fritidsklubben frå 01.08.2025.Fritidsklubben held til like ved Aurlandshallen, og har tre...

  • Klubbmedarbeidar

    Há 2 dias


    Município de Satuba, AL, Brasil Aurland kommune Tempo inteiro

    Aurland kommune Skulevegen 5, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Klubbmedarbeidar Type ansettelse Fast, deltid Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Om stillinga Me har ledig 40% fast stilling som klubbmedarbeidar ved fritidsklubben frå 01.08.2025. Fritidsklubben held til like ved Aurlandshallen,...