Vil Du Vere Med å Gje Barn Og Unge Ein Trygg Oppvekst?

4 semanas atrás


Município de Vertentes, Brasil Bjørnafjorden kommune Baldersheim barnehage Tempo inteiro
Bjørnafjorden kommune Baldersheim barnehage
Neset 25, 5647 Baldersheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Baldersheim barnehage og skule
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 14. september
Vi har ledig 100 % fast avdelingsleiar stilling ved Baldersheim barnehage og skule. Til stillinga er det 60% leiing og administrasjon og 40% stilling med pedagogisk arbeid/undervisning med barn og elevar. Ønskeleg med oppstart så snart som mogeleg.
Frå 01.10 vil det vera felles leiing på Ådlandsfjorden barneskule og Baldersheim barnehage og skule. Avdelingsleiarstillinga vil vera ein del av denne leiinga, og ha fast oppmøtestad på Baldersheim. Rektor er leiar til avdelingsleiar, og desse to skal samarbeide tett om arbeidet i organisasjonen.
Vi søker ein engasjert og tydelig leiar som ønsker å vera med på å vidareutvikla eit heilheitleg og inkluderande oppvekstmiljø for barn i alderen 0- 12 år. Som avdelingsleiar for barnehage og skule vil du få ei sentral rolle i å skape gode rammer for både læring, omsorg og trivsel.
Stillinga krev evne til å kombinera strategisk tenking med dagleg oppfølging av kollegaer, føresette og barn, og du vil vera ein viktig kulturbygger i organisasjonen.
Arbeidsstad
Baldersheim barnehage og skule er to einingar som er lokalisert i same bygning. Det er 8 barn i barnehagen og 16 elevar på skulen. Det er samarbeid mellom barnehagen og SFO få å kunne gje eit fulltidstilbod. Skulen er fådelt, og tre eller fire årssteg går saman i grupper. Inkludering står i høgsetet, og alle skal kjenne på at dei høyrer til. Eininga har eit godt miljø for både barn, elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle det pedagogisk arbeid i barnehage og skule
Personalansvar
Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett.
Vidareutvikla eininga som ein lærande organisasjon med fokus på heilskapeleg tenking rundt barnegruppa 0-13 år
Bidra til eit godt samarbeid mellom tilsette, foreldre og lokalsamfunnet.
Kvalifikasjonar
Minimum 3- åring relevant høgskuleutdanning.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Gode IT kunnskapar
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
**Vi ser etter deg som**:
Er løysingsorientert og har fokus på organisering
Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
**Hos oss får du**:
Leiarstøtte og rettleiing av mentor
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade
- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads
- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Irene Kvåle Foer
Fagleiar barnehage
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Annonsedata
Stillingsnummer
5e4c8a6d-d8c4-48bc-88f4-0d0f35e49754
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
_ _nn

  • Município de Itaubal, AP, Brasil Sandnes kommune Tempo inteiro

    Sandnes kommune **Vil du utgjøre en forskjell for plasserte barn og unge, og deres familie?**: Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon Er du utdannet barnevernspedagog eller sosionom og ønsker å bidra til et bedre barnevern? Ønsker du faglig utvikling og vil være en del av et viktig og verdifullt barnevernsarbeid? Ønsker du å bidra til at...


  • Município de Caxambu, MG, Brasil Utdanningsdirektoratet Tempo inteiro

    Utdanningsdirektoratet **Er du en jurist som ønsker å påvirke fremtiden til barn og unge?**: Departementer og direktorater I **Utdanningsdirektoratet**jobber vi for at barn og unge trives og mestrer i et inkluderende barnehage - og skolemiljø. En viktig del av denne oppgaven er å sikre god forvaltning av opplæringsloven, barnehageloven,...


  • Município de Olho d'Água Grande, Brasil Sundve FUS barnehage as Tempo inteiro

    Sundve FUS barnehage as5713 Vossestrand, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelStøtteressurs/AssistentType ansettelseFast, deltid 60%ArbeidstidUkedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest torsdag 11. septemberI FUS har me store ambisjonar - me ynskjer å bli best på barnehage! Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar...


  • Município de Olho d'Água Grande, AL, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$28.000 - R$42.000 por ano

    Sundve FUS barnehage as5713 Vossestrand, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelStøtteressurs/AssistentType ansettelseFast, deltid 60%ArbeidstidUkedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest torsdag 11. septemberI FUS har me store ambisjonar – me ynskjer å bli best på barnehage Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar...


  • Município de Aparecida do Rio Negro, Brasil Mattilsynet Tempo inteiro

    Mattilsynet**Vil du jobbe for trygg mat og riktig merking av maten?**:Direktorater og tilsynsorganHvordan sikrer vi trygg mat i en verden preget av klimaendringer, økende smittepress, internasjonal uro og høye forbrukerforventninger? Hvordan gjør vi et komplekst regelverk forståelig og praktisk anvendelig for dem som skal etterleve det - og for...


  • Município de Tijucas do Sul, PR, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 375.000 - 450.000 por ano

    Oppvekst, Skutvik barnehageRørvikveien 44, 8290 Skutvik, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelBarne- og ungdomsarbeiderType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorsk eller samiskAntall stillinger1Søk senest søndag 2. novemberVi søker barne- og ungdomsarbeiderMidt i den vakre naturen i Hamarøy kommune, omgitt av fjord, fjell og åpne...


  • Município de Pendências, RN, Brasil Bergen kirkelige fellesråd Tempo inteiro

    Bergen kirkelige fellesråd Olsvikåsen 109, 5183 Olsvik, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Kateket/menighetspedagog/menighetsarbeider Type ansettelse Vikariat, deltid 50% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 14. september Olsvik menighet i Bergen Domprosti, søker en kateket/menighetspedagog/menighetsarbeider med...


  • Município de Palmares, PE, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$28.000 - R$42.000 por ano

    Ølensjøen FUS barnehage AsLitlehagen 4, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenVil du væra med å skape språkglede, meistring og utvikling hos barn? Me søkjer ein engasjert språkressurs som kan bidra til å styrke språkutviklinga til minoritetsspråklege ban.StillingstittelPedagog/LærerOppstartEtter avtaleType ansettelseEngasjement, deltid...


  • Município de Fátima, Brasil Fjord1 ASA Tempo inteiro

    Fjord1 ASA**Vil du bli vår nye maskinsjef?**:Ferger**Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest**attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!****Vi har no ei ledig stilling som...


  • Município de Chapada de Areia, TO, Brasil Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd Tempo inteiro

    Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd Kvartsvegen 3, 4347 Lye Om jobben Stillingstittel Ungdomsarbeidar Type ansettelse Fast, deltid Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Stilling i Den norske kyrkja Likar du å jobba med ungdom? Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet? Ungdomsarbeidet Varden starta opp våren 2019 og...