
Tilkallingsvikarar Hustad Fengsel
Há 5 dias
Adresse mangler, 6444 Farstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar Hustad fengsel
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk senest onsdag 1. oktober
Har du lyst til å jobbe i fengsel?
Bli tilkallingsvikar hos Hustad fengsel
Hustad fengsel leiter etter dyktige tilkallingsvikarar som har lyst til å ta del i vårt viktige arbeid. Vi har bruk for vikarar både som fengselsbetjent og som verksbetjent i arbeidsdrifta.
Som verksbetjent arbeider du på dagtid med å aktivisere innsette og gje dei eit meiningsfylt innhald i straffegjennomføringa. Det å ha ein aktivitet som gjer at ein vert motivert til å stå opp og gå på jobb, møte menneske og delta i noko som er større enn seg sjølv, er eit grunnleggande behov i livet. Som verksbetjent bidreg du til å førebygge skadevirkninger av isolasjon, bygge meistring og motivasjon og bidra til dei innsette si psykiske helse. Vi bruker også naturen rundt oss aktivt i dette arbeidet.
Som fengselsbetjent arbeider du turnus (dag, kveld, natt og helg) og får moglegheit til å skape ein positiv innverknad i livet til dei innsette. Du får være rollemodell, samtalepartner, rettleiar og du får vise omsorg. Som fengselsbetjent møter du mange ulike mennesker. Nokon har begått alvorlige kriminelle handlinger, andre har psykiske lidingar eller atferdsvansker. Sikkerhet, grensesetting og konfliktløysning er en viktig del av arbeidshverdagen til en fengselsbetjent. Du får også bidra til at innsette sitt opphold bli meiningsfullt og rehabiliterende.
Dette er Hustad fengsel
Hustad fengsel ligger vakkert til i Hustadvika kommune, midt mellom Molde og Kristiansund. Fengselet har 60 plasser fordelt på høg og låg sikkerhet, og vi er rundt 60 tilsette i tillegg til ulike eksterne tenester som skule, helse, NAV, bibliotek og prest.
Vi legger stor vekt på at både ansatte og innsatte skal trives. Det merkes - og det gjer noko med kvardagen.
**Hos oss får du**:
- aktiv og sosial velferdskomité med jevnlige arrangementer for tilsette
- pendlarbustad
- trening i arbeidstida og eige treningsrom
- avslappingsrom og kantine med fantastisk god mat
- gratis parkering og lademoglegheit for elbil
- statlige pensjons
- og forsikringsordninger gjennom SPK
- årslønn som 1078 betjent (utan fengselsskulen) frå kr 389 000 - 458 000 eller som verksbetjent kr 458 500 - 573 000 avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kvelds-, natt
- og helgetillegg etter gjeldande satsar kjem i tillegg. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Arbeidsoppgåver
Fengselsbetjent
avdelingsteneste med daglege oppgåver rundt innsette
aktiv deltakelse i sikkerheitsarbeidet ved avdelinga, ivaretaking av sikkerhet for innsatte og ansatte
motivering av dei innsette og miljøarbeid
andre rutineoppgåver
Verksbetjent
- aktivisering, sysselsetjing og oppfølging av innsette
- motivering av dei innsette og miljøarbeid
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars
- og arbeidsområde
Opplæring
Du må gjennomføre ei obligatorisk opplæring på om lag 70 timar. Her vil du lære meir om konflikthandtering, sikkerhet og sjølvforsvar. Opplæringa er løna og vert gjennomført på Hustad fengsel i veke 45. Du må delta på heile opplæringa for å kunne arbeide som tilkallingsvikar.
Utdanning og erfaring
Du må ha
fylt 20 år i 2025
førarkort klasse B
generell studiekompetanse
gode kommunikasjons
- og språkkunnskapar, samt digital kompetanse
du må kunne vise fram utvida politiattest utan merknadar
Vi ønsker at du
har interesse for fengselsarbeid, og ønske om søke fengselsskulen eller er student innan relevant retning
har erfaring eller interesse for arbeid med menneske i en krevjande livssituasjon, for eksempel rusomsorg, i institusjon eller frivillig arbeid i hjelpeorganisasjon
kan jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
har evne til å finne gode løysingar for innsette, både i team og sjølvstendig
har tolmod, er ansvarsfull, og har evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
har relevant fagbrev (gjeld vikarar som verksbetjent)
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som b
-
Tilkallingsvikarar Hustad Fengsel
Há 5 dias
Município de Congonhas do Norte, MG, Brasil Hustad fengsel Tempo inteiroHustad fengsel Adresse mangler, 6444 Farstad, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Tilkallingsvikarar Hustad fengsel Type ansettelse Annet, deltid Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 5 Søk senest onsdag 1. oktober Har du lyst til å jobbe i fengsel? Bli tilkallingsvikar hos Hustad fengsel! Hustad fengsel leiter etter dyktige...
-
Tilkallingsvikarar Hustad fengsel
Há 5 dias
Município de Congonhas do Norte, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 107.800 por anoHustad fengselAdresse mangler, 6444 Farstad, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelTilkallingsvikarar Hustad fengselType ansettelseAnnet, deltidArbeidstidTurnusArbeidsspråkNorskAntall stillinger5Søk senest onsdag 1. oktoberHar du lyst til å jobbe i fengsel?Bli tilkallingsvikar hos Hustad fengselHustad fengsel leiter etter dyktige...
-
Fengselsbetjent Jobb Helsingfors
Há 4 dias
Município de Congonhas do Norte, Brasil beBeeTilkallingsvikar Tempo inteiro R$389.000 - R$573.000JobbekrevjingaVi søker å finne dei rette tilkallingsvikarane for å jobba på Hustad fengsel.Om jobbenSom tilkallingsvikar er du ansvarleg for å aktivisera, sysselsetja og oppfylgje innsette ved avdelinga. Du skal ikkje berre verke som eit vakt, men òg ivareta sikkerheten både for dei innsette og dei andre arbeidspersonell.Krav og kompetansekrav20 år...