Ledige Undervisingstillingar

Há 7 dias


Município de Satuba AL, Brasil SJH - SOGN JHS, Vestland fylkeskommune Tempo inteiro

SJH - SOGN JHS, Vestland fylkeskommune

Skulevegen 24, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Ledige undervisingsstillingar ved Sogn

  • jord og hagebruksskule

Oppstart

  • juli 2025

Type ansettelse

Vikariat, deltid 50%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

2

Søk senest søndag 8. juni

Sogn Jord

  • og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune - ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Arbeidsoppgåver

For skuleåret 2025- 2026 har skulen ledige faglærarstillingar - 1 års vikariat

20 % stilling faglærar Gardsdrift Vg3, forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på drifstplanlegging og landbrukspolitikk.

30 % stilling som faglærar husdyrfag i vg 2 og vg 3.

Ansvars

  • og arbeidsområde
  • ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
  • aktiv deltaking i tverrfaglege team
  • aktiv i utviklingsarbeid innan fagområde

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk og fagleg utdanning innan fagområdet
  • relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
  • kunnskap og engasjement for økologisk landbruk

Personlege eigenskapar

  • interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
  • gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
  • strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
  • god kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
  • interesse for å dele kunnskap med kollegaer
  • utviklingsorientert innafor eige fagområde

Vi tilbyr

  • triveleg arbeidsmiljø
  • fylkeskommunale løns
  • og tilsetjingsvilkår

Kontaktinformasjon

Børre Solberg, rektor, 41219505

Arbeidsstad

Skulevegen 24

5745 Aurland

**Nøkkelinformasjon**

**Arbeidsgivar**: Vestland fylkeskommune

**Referansenr.**: 4945298042

**Stillingsprosent**: 50%

Anna

**Startdato**: 01.08.2025

**Sluttdato**: 31.07.2026

**Søknadsfrist**: 08.06.2025

Kontaktperson for stillingen

Børre Solberg

rektor

41219505

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova - 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

2951527

Hentet fra

talentech

Referanse

47d6e7dc62df41288407217b53f9e91a