Stamnes Oppveksttun Søkjer Lærarar

Há 4 dias


Município de Piranhas AL, Brasil Vaksdal kommune Tempo inteiro

Vaksdal kommune Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Lærar ved Stamnes oppveksttun Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 2 Søk senest fredag 20. juni Vil du ha tid til å kome tett på elevane og skape inspirerande opplæring? På Stamnes oppveksttun får du unike moglegheiter Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper og ei støttande bygd som heiar på skulen sin. Dette er staden der du kan realisere alle dei pedagogiske ideane du har drøymt om. Grunna interne endringar har vi no ledig fleire lærarstillingar som utgjer tilsaman 140 % stilling. Stillinga kan delast opp om du ynskjer oppauke, eller å kombinere stillinga med anna arbeid. Fordeling av stillingsprosent blir del av rekrutteringsprosessen. Det kan vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Kven er vi? Oppveksttunet har 17 elevar frå 3. til 7. trinn. **Undervisninga skjer både i samla gruppe og i mindre grupper**: 3.4. trinn (9 elevar) 5.7. trinn (8 elevar) I tillegg har oppveksttunet barnehage og SFO og fungerer som ein viktig samlingsplass i bygda. Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir Arbeidsstad Stamnes oppveksttun Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes Krav til kompetanse Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar) God digital kompetanse Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte Langsiktige satsingar i Vaksdal kommune I oppvekst og kultur har vi langsiktige satsingar som Felles leseplan i samarbeid med PPT. Inkluderande barnehagemiljø, PALS og MOT. Digital læringsleiing. Kvalitet i SFO. Skule og barnehage deltek i felles kompetanseheving i arbeidet mot vald og overgrep i samband med kommunen si satsing i oppvekstreformen. Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og fleire av skulane satsar på fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv. Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar set eleven sitt beste i sentrum vektlegg tilpassa opplæring har god læreplanforståing og vurderingspraksis har gode samarbeidsevner er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar har godt humør Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søkja. Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding. Vaksdal kommune kan tilby Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus Spanande og utfordrande stillingar Gode og kvalifiserte fagmiljø Løn i tråd med tariffavtaleverk Gode pensjons - og forsikringsordningar Slik søkjer du Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. Kontaktpersonar Lars Sveinung Lid, leiar Stamnes oppveksttun Jill Bru Johansen, kommunalsjef oppvekst og kultur Om bedriften Vaksdal kommune - framtidsretta og innovativ Vaksdal kommune har framtida i fokus og tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Våre tilsette bidreg kvar dag til å gjere kommunen til ein god stad å leve, bu og arbeide i. Me satsar på innovasjon og er langt framme innan digitalisering. Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Voss og Bergen, med enkel tilgang via tog og bil. Mangfald i arbeidslivet Vaksdal kommune ønskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, eventuelle hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokre stillingar har spesifikke helse - og fysiske krav. I samsvar med offentlegheitslova - 25 andre ledd kan opplysningar om søkjarar bli offentlege, sjølv om søkjaren har bede om å vere anonym på søkjarlista. Me nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Dersom du har teke høgare utdanning utanfor Noreg, må den vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dokumentasjon på godkjenning må leggjast ved søknaden. Sektor Offentlig Nettsted Annonsedata Hentet fra jobbnorge Referanse 10253016



  • Município de Fátima, BA, Brasil Skodvin Montessoriskule Tempo inteiro

    Skodvin Montessoriskule Skodvinvegen 1, 5956 Hundvin, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Skodvin Montessoriskule søkjer deg som likar å jobbe i team, og som vil bli ein del av den flotte montessoriskulen vår. Vi ynskjer ein driftig person som og kan vere ein del av administrasjonen til dagleg leiar og som kan jobbe som...