Har Du Helsefagleg Utdanning Og ønskjer Ein Spennande Arbeidskvardag?
1 semana atrás
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 26. oktober
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Pleie og omsorg i Lærdal kommune søker ny, dyktig kollega i 100% fast stilling ved sjukeheimen.
Lærdal bu og
- omsorgsheim har 22 plassar, der 6 plassar knytt til demensavdelinga og 4 kortidsplassar. I tillegg har institusjonen også KAD-seng for Aurland og Lærdal kommune.
Heimetenesta yt tenester til ca. 70 teneste mottakarar rundt om i kommunen, deriblant 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader. Me er samlokaliserte, med kjøkken, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, kreftkoordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid
Me søkjer deg med helsefagleg utdanning til ein spennande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus Stillinga har turnus med arbeid kvar 3 helg, med mogelegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.
Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistra sin sjukdom/helseplager i størst mogeleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekka forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetta rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialisthelsetenesta kring : Medisinsk oppfølging, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering, palliasjon vil vere stikkord i ditt arbeid..
Er dette deg?
Likar å jobbe med menneske.
Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre.
Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
Fagleg oppdatert og ynskjer å utvikla deg vidare.
**Hjå oss får du**:
Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling
Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
Støttande leiing
Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
Helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
Ufaglærte som ynskjer å ta utdanning vert også oppfordra til å søke.
Gyldig politiattest
Gyldig arbeids
- og opphaldsløyve
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg - bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia.
**Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du**:
Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
Gode personforsikringar i arbeid og fritid
Gode mogelegheiter for vidareutdanning
Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
**Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har**:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Toril Grøthe
91360633
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell
- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
d788b45f-f164-474f-a05b-93680f144e4a
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3550791_228185_nn
-
Søk Stilling Som Er Open På Kompetansekravet
1 semana atrás
Município de Rio Espera, Brasil Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta Tempo inteiroLærdal kommune Bu- og miljøtenestaØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu- og miljøtenestaType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer...
-
Søk Stilling Som Er Open På Kompetansekravet
2 semanas atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta Tempo inteiroLærdal kommune Bu - og miljøtenesta Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu - og miljøtenesta Type ansettelse Vikariat, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 26. oktober I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Helsesenter Tempo inteiroLærdal kommune Helsesenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fastlege Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest onsdag 25. juni I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival,...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Helsesenter Tempo inteiroLærdal kommune Helsesenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenter Type ansettelse Fast, deltid 30% Arbeidsspråk Norsk eller engelsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 26. oktober I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det...
-
Undervisningsstilling Innanfor Helse- Og Oppvekstfag
2 semanas atrás
Município de Matipó, MG, Brasil Måløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune Tempo inteiroMåløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Undervisningsstilling innanfor Helse - og oppvekstfag - 100% vikariat Type ansettelse Vikariat, heltid 100% Arbeidstid Dagtid Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 19. september Måløy vidaregåande skule har om lag...
-
Brenn Du for Miljøterapi Og Rusbehandling?
1 semana atrás
Município de Primavera, Brasil TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Tempo inteiroTSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HFAsaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelSjukepleiarType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 1. juniPå TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju...
-
Ingeniør - Prosjektleiar
1 semana atrás
Município de Ponte Nova, MG, Brasil Sygnir AS Tempo inteiroSygnir AS 6852 Sogndal Om jobben Stillingstittel Ingeniør - Prosjektleiar Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest tirsdag 10. juni Ingeniør - Prosjektleiar Ta del i framtidsretta energiprosjekt i Sogn Din arbeidskvardag Som prosjektleiar blir du ein sentral del av arbeidet med å realisere framtidas...
-
Brenn Du for Miljøterapi Og Rusbehandling?
2 semanas atrás
Município de Primavera, PA, Brasil TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Tempo inteiroTSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiar Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 1. juni På TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju...
-
Ledig Stilling
3 semanas atrás
Município de Rio Espera, Brasil Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter Tempo inteiroLærdal kommune Borgund oppvekstsenterØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelBarne- og ungdomsarbeidar, 100 % fast stillingType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest fredag 1. augustI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar,...
-
Jobb I Forsand Sfo, 50% Fast Stilling
2 semanas atrás
Município de Manacapuru, AM, Brasil Sandnes kommune Tempo inteiroSandnes kommune **Jobb i Forsand SFO, 50% fast stilling**: Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon Har du lyst på ein spennande jobb på Forsand SFO? Forsand SFO har ledig 50% fast stilling. Me søker deg som trivst med barn, enten du er utan utdanning, fagarbeidar eller høgskuleutdanna. Forsand skule er ein 1-10 skule med 140 elevar og 34...