Brenn du for miljøet

Há 5 dias


Município de Fátima BA, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 450.000 - 600.000 por ano

NGIR IKS

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Kunderettleiarar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

2

Søk senest søndag 31. august

NGIR IKS søkjer to engasjerte og allsidige Kunderettleiarar som vil vere med og forme framtida for avfallshandtering og gjenvinning i regionen. Dette er ikkje ein vanleg kontorjobb - her får du det beste frå to verder: Du vekslar mellom kundeservice på kontoret og praktisk arbeid ute på gjenvinningsstasjonane våre.

Kva går jobben ut på?

Du blir ein nøkkelperson i møtet med kundane våre - både digitalt og ansikt til ansikt. På kontoret er du med på å halde hjula i gang: Du svarar på spørsmål via telefon og e-post, tek imot besøkande og hjelper kundar med sortering og bruk av digitale løysingar.

Du har ansvar for å følgje opp førespurnader, registrere informasjon i interne system og sørgje for at dokumentasjon og kundedata blir handtert på ein trygg og strukturert måte. Du samarbeider tett med kollegaer for å sikre god informasjonsflyt og effektiv oppfølging av saker. Kontoret er ein viktig base for både planlegging og koordinering, og du spelar ei sentral rolle i å sikre at både kundar og kollegaer får den støtta dei treng.

Ute på stasjonane er du med på å sikre god flyt, ryddige omgjevnader og ei trygg og positiv oppleving for alle som kjem innom. Du får rett og slett vere med og gjere det lettare for folk å ta miljøvenlege val - kvar einaste dag.

Kven er du?

Du er ein person som likar å ha kontakt med folk, og som trivst med å veksle mellom skjerm og vernesko. Du har god kontorkompetanse og meistrar administrative oppgåver med tryggleik og presisjon. Du er strukturert, sjølvstendig og har eit skarpt auge for orden og kvalitet - både i fysiske omgjevnader og i digitale system. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og handterer konfidensiell informasjon med høg grad av integritet. Du har erfaring med bruk av digitale verktøy og system, og er komfortabel med dokumenthandsaming, kundedialog og informasjonsflyt. I tillegg har du eit ekte engasjement for miljø og samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling gjennom arbeidet ditt.

Kva bør du ha med deg?

Vi ser etter deg med vidaregåande utdanning eller fagbrev. Har du truck- og hjullastarbevis, er det eit pluss - men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har rett innstilling og vilje til å lære.

Kor jobbar du?

Du vil ha ein fleksibel arbeidskvardag med base både på NGIR sitt hovudkontor i Kjevikdalen og ute på gjenvinningsstasjonane i regionen.

Kva får du hos oss?

Hos NGIR får du ein jobb med meining. Du blir del av eit inkluderande og framtidsretta arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode og jobbar saman for ei grønare framtid. Du får varierte arbeidsdagar, høve til fagleg utvikling og ein jobb du kan vere stolt av.

Om bedriften

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, og har til saman 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.

Sektor

Offentlig

Nettsted

Annonsedata

Stillingsnummer

7cf232e1-9d9e-463e-9900-9a68f1ab548c

Hentet fra

FINN

Referanse


  • Brenn Du for Miljøet

    3 semanas atrás


    Município de Fátima, Brasil NGIR IKS Tempo inteiro

    NGIR IKSLindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, HybridkontorOm jobbenStillingstittelKunderettleiararType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger2Søk senest søndag 31. augustNGIR IKS søkjer to engasjerte og allsidige Kunderettleiarar som vil vere med og forme framtida for avfallshandtering og gjenvinning i regionen. Dette er ikkje ein...


  • Município de Primavera, Brasil TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Tempo inteiro

    TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HFAsaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelSjukepleiarType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 1. juniPå TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju...


  • Município de Primavera, PA, Brasil TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Tempo inteiro

    TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiar Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 1. juni På TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju...


  • Município de Areia, PB, Brasil Jæger Sentrum AS Tempo inteiro

    Jæger Sentrum AS Kokstadvegen 42, 5257 Kokstad, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel BMW Product Genius Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Har du lidenskap for BMW og er genuint opptatt av relasjoner og kundeservice? Da er dette stillingen for deg! Din rolle som Product Genius For å skape en enda bedre...


  • Município de Caxambu, Brasil Avdeling for økonomi og styring Tempo inteiro

    Avdeling for økonomi og styringFabrikkvegen 13, 6415 Molde, HybridkontorOm jobbenStillingstittelFørstekonsulent/Rådgiver/SeniorrådgiverOppstart1. september 2025Type ansettelseFast, heltid 100%ArbeidstidUkedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger2Søk senest søndag 1. juniHar du interesse for økonomi? Like du å bidra til forbedring, effektivisering og...


  • Município de Caxambu, MG, Brasil Avdeling for økonomi og styring Tempo inteiro

    Avdeling for økonomi og styring Fabrikkvegen 13, 6415 Molde, Hybridkontor Om jobben Stillingstittel Førstekonsulent/Rådgiver/Seniorrådgiver Oppstart 1. september 2025 Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Ukedager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 2 Søk senest søndag 1. juni Har du interesse for økonomi? Like du å bidra til forbedring,...

  • Head Housekeeper

    Há 2 dias


    Município de Agrolândia, SC, Brasil Lofoten Golf Links Tempo inteiro

    Lofoten Golf Links Tore Hjortsvei 389,, 8314 Gimsøysand, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Husøkonom Oppstart 23. august 2025 Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus, dagtid, alle dager Arbeidsspråk Norsk, skandinavisk eller engelsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 24. august Send søknad til Hva vi ser etter Vi tror at...


  • Município de Iconha, Brasil 132 luftving Ørland flystasjon, Forsvaret Tempo inteiro

    132 luftving Ørland flystasjon, ForsvaretUthaugsveien 130, 7130 Brekstad, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelFagarbeider BakkeutstyrType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1Søk senest søndag 10. augustØnsker du å jobbe som Fagarbeider med Luftforsvarets største base som arbeidsplass?Som Fagarbeider...

  • Rett Reinhold

    Há 7 dias


    Município de Nova Timboteua, Brasil beBeeKVALITET Tempo inteiro R$40.000 - R$50.000

    Om jobben:Som en kraftig og ansvarsfull arbeidskvinne vil du ha ei spennande stilling som reinhaldsoperatør.Du vil være ansvarlig for å halda det rent i kommunehuset og andre bygg på Sandsvegen, inkludert planlegging av eigen arbeidsdag og oppmøte med kollegaer.Kvalitet er viktig, så du må vera nøye og sikre at alt er korrekt...


  • Município de Iconha, ES, Brasil 132 luftving Ørland flystasjon, Forsvaret Tempo inteiro

    132 luftving Ørland flystasjon, Forsvaret Uthaugsveien 130, 7130 Brekstad, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fagarbeider Bakkeutstyr Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk eller engelsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 10. august Ønsker du å jobbe som Fagarbeider med Luftforsvarets største base som arbeidsplass? Som...