I denne stillinga får ein rekrutteringstilskot
Há 3 dias
Lærdal kommune Helsesenter
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fulltid 100% stilling som sjukepleiar kombinert Helsesenteret/KAD/sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 26. oktober
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus Stillinga er kombinert mellom KAD/ sjukeheim og helsesenteret. Stillinga er dagtid, med foredling 30% Helsesenteret, 70% KAD/sjukeheim.
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar, KAD seng ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Stillinga vil også ha ansvarsvakter knytt til denne posten.
Dine oppgåver ved Lærdal bu- og omsorgsheim vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rett tiltak. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre
Ved Helsesenteret vil dine oppgåver vera:
Skifteromsarbeid som sårstell, EKG og 24 timers blodtrykk, suturfjerning, øyreskylling og liknande.
Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar, injeksjonar
Ekspedere telefon og pasientluke
Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret t.d. journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar m.m
Er dette deg?
Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
Hjå oss får du:
Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
Støttande leiing
Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
Autorisasjon som sjukepleiar
Førerkort klasse B - godkjent i Norge
Gyldig politiattest
Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
Gode personforsikringar i arbeid og fritid
Gode moglegheiter for vidareutdanning
Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Malin Partenyi
einingsleiar helse
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
4e6f1bfc-f58f-4ab0-ae96-53a7d0c117a2
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3550389_248527_nn
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie. Rekrutteringstilskot Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus, alle dager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 4. juli I Lærdal bur me ikkje meir enn...
-
Ledig Stilling
1 semana atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiroLærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest mandag 8. september 100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel) I Lærdal bur me ikkje meir enn...
-
Ledig Stilling
Há 7 dias
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta Tempo inteiroLærdal kommune Bu - og miljøtenesta Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 100% miljøarbeidarstilling i bu - og miljøtenesta Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 3. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$40.000 - R$60.000 por anoLærdal kommune Sogn LMSØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel23,5 % fast helgestilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn LMSType ansettelseVikariat, deltid 23%ArbeidstidTurnusArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktober100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)I Lærdal bur...
-
100% Stilling Som Fastlege I Vakre Lærdal Kommune
2 semanas atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Helsesenter Tempo inteiroLærdal kommune Helsesenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fastlege Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest onsdag 25. juni I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival,...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$28.000 - R$42.000 por anoLærdal kommune Bu- og miljøtenestaØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu- og miljøtenestaType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$40.000 - R$60.000 por anoLærdal kommune HelsesenterØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenterType ansettelseFast, deltid 30%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her...
-
Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 300.000 - 450.000 por anoLærdal kommune Bu- og miljøtenestaØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelHelg- og tilkallingsvikarar til bu- og miljøtenestaType ansettelseVikariat, deltid 40%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger4Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store...
-
Barne- Og Ungdomsarbeidar I Fast 100% Stilling
2 semanas atrás
Município de Japaraíba, MG, Brasil Surnadal kommune Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Tempo inteiroSurnadal kommune Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Bæverfjord, 6644 Bæverfjord, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Vil tilsett fortrinnsvisa BUA, men assistentar kan også søke.Stillinga er fast i 100% i Surnadal kommune og f.t tenestestad er...
-
Matros I Sambandet Måløy-oldeide, P.t.
Há 19 horas
Município de Manhumirim, MG, Brasil Fjord1 ASA Tempo inteiroFjord1 ASA **Matros i sambandet Måløy-Oldeide, p.t. MF Hornelen**: Ferger **Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!** **Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest**attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje - og hurtigbåttransport i marknaden!** **Fjord1 har ledig...