Ledig Stilling

1 semana atrás


Município de Rio Espera, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiro
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 8. september
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu
- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me nye dyktige, sjukepleiarar til 100% nattevaktstilling.
KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus.
Stillinga er rein nattevaktstilling med langvakt, natt kvar 3.helg, med mogelegheit for samla fri. Årsturnus.
Du vil arbeida i team saman med helsefagarbeidar på natt, der du har det sjukepleiar faglege ansvaret for pasientane på både sjukeheimen og KAD seng.
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk oppfølging, for å avdekkja forverring av tilstand hjå pasienten, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: Medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2-score) og behandlingsavklaring.
**Om arbeidsgjevaren**:
Ved Lærdal bu
- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøken, fysio-/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre
Samlokalisert med heimesjukepleien. Heimesjukepleien yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 tenestemottakarar rundt om i bygda.
Me er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega
Er dette deg?
Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
**Hjå oss får du**:
Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
Støttande leiing
Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
Autorisasjon som sjukepleiar
Førerkort klasse B
Gyldig politiattest
Gyldig arbeids
- og opphaldsløyve
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg - bestått B2-eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
Relevant erfaring vert vektlagd
**Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du**:
Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
Gode personforsikringar i arbeid og fritid
Gode moglegheiter for vidareutdanning
Rekrutteringstilskot 60 000;
- med to års bindingstid
Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
**Lærdal kan by på**:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Tilgnag til kommunalt abonnement på treningssenter
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Toril Grøthe
91360633
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell
- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
5d0df6f7-d3e3-43d3-a1b4-edc9f4f60291
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3534119_228185_nn
  • Ledig Stilling

    2 semanas atrás


    Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta Tempo inteiro

    Lærdal kommune Bu - og miljøtenesta Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 100% miljøarbeidarstilling i bu - og miljøtenesta Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 3. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen...

  • Ledig Stilling

    Há 2 dias


    Município de Rio Espera, Brasil Lærdal kommune Nav Tempo inteiro

    Lærdal kommune NavØyraplassen 7, 6887 Lærdal, HybridkontorOm jobbenStillingstittel100 % fast stilling som rettleiar ved NAV Aurland og LærdalType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 15. juniI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival,...

  • Ledig Stilling

    1 semana atrás


    Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter Tempo inteiro

    Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Barne - og ungdomsarbeidar, 100 % fast stilling Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 1. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her!...

  • Ledig Stilling

    2 semanas atrás


    Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Nav Tempo inteiro

    Lærdal kommune Nav Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor Om jobben Stillingstittel 100 % fast stilling som rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 15. juni I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar,...


  • Município de Ilha Solteira, SP, Brasil Forsvaret Tempo inteiro

    Forsvaret **Ledig midlertidig stilling: Fagarbeider kjøretøy - bli en viktig del av vårt team**: Ved Romerike tekniske verksted - Værnes seksjon er det nå ledig 1 stilling for midlertidig tilsetting som fagarbeider innen faget Kjøretøy. Stillingen er midlertidig med ønsket snarlig oppstartsdato og varighet til 31.03.2026. **Kvalifikasjoner**: -...


  • Município de Palmares, Brasil beBeeMathematikk Tempo inteiro 538.720 - 680.900

    Matematikk-underviser i RealfagVed Ølen vidaregåande skule er det ledig stilling som faglærar i realfag med hovudvekt på matematikk.Denne stillingen vil omfatte undervisning i fellesfag for yrkesfagklassar. Stillinga er knytt til daglegdaglegt arbeid i følgjande avdeling:NaturfagKjemiFysikkBiologiGeografiKvalifikasjonarFor å kvalifisere seg for denne...


  • Município de Nova Timboteua, Brasil Suldal kommune Teknisk drift Tempo inteiro

    Suldal kommune Teknisk driftSandsvegen 122/Garaneset 38, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenType ansettelseFast, deltid 80%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest onsdag 28. maiLikar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag,...


  • Município de Iporã, PR, Brasil Pleie og omsorgstjenesten, Værøy kommune Tempo inteiro

    Pleie og omsorgstjenesten, Værøy kommune Sørland 33, 8063 Værøy, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Sykepleier/Vernepleier 100% fast stilling Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 27. juli Værøy Kommune søker sykepleier/ vernepleier i fast stilling. Er du klar...

  • Personleg Assistent

    Há 6 dias


    Município de Satuba, AL, Brasil Aurland kommune Tempo inteiro

    Aurland kommune Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Personleg assistent Type ansettelse Vikariat, deltid 80% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 25. juli Om stillinga Me har ledig 80 % mellombels stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i...


  • Município de Manacapuru, AM, Brasil Sandnes kommune Tempo inteiro

    Sandnes kommune **Fastlege Forsand legekontor, 100% fast stilling**: Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon **Sandnes kommune søker deg som er allmennlege eller ønsker å bli allmennlege, til spennende fastlegestilling på Forsand legekontor!** Legekontoret er i vakre omgivelser og er godt utrustet. Vil tilbyr moderne lyse lokaler med...