
Personleg Assistent
Há 6 dias
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Personleg assistent
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest fredag 25. juli
Om stillinga
Me har ledig 80 % mellombels stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Stillinga er eit vikariat, og er ledig frå oktober 2025.
Brukaren vekslar på å bu i eige husvære saman med familien, og i avlastningsbustad. Som personleg assistent er du ein del av kvardagen til brukaren og familien hans.
Brukarstyrt personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, ved avdeling bu og miljø i Aurland kommune.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Der meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Som brukarstyrt personleg assistent vil du få høve til å gjere ein stor forskjell i kvardagen for eit anna menneske. Kvardagen er variert og gjevande, med gode vilkår. Stillinga inneheld for tida lange vakter i vekedagene, og arbeidshelg ein gang per månad.
Arbeid og ansvarsområde
Du vil fylgje på arrangement, aktivitetar og i andre sosiale samanhengar, etter ynskje frå brukaren.
**Han treng også hjelp til**:
forklaring / formidling
transport
daglege gjeremål
personleg stell
trening
ernæring
helseoppfylging
hjelpemidlar
andre praktiske og daglege gjeremål
Me tilbyr
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons
- og forsikringsordningar
løn etter etter tariff
minimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar
ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (førebels ut året 2025)
gratis inngang til symjehallen (førebels ut året 2025)
å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
barnehageplass i Aurland barnehage
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing
erfaring frå arbeid i helse og omsorg er ynskjeleg
personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
Personlege eigenskapar
**Me vil at du**:
syner respekt og er lyttande
er fleksibel og tilpasningsdyktig
er god til å kommunisere og samarbeide
er ein god lagspelar
bryr deg og syner omsorg
er roleg og tolmodig
Løns
- og tilsetjingsvilkår
tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
førarkort klasse B
politiattest etter helse
- og omsorgstenestlova
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktpersoner for stillingen
Gerd Irene Turlid Thy
arbeidsleiar
+47 97982230
Catrine Moberg-Jordalen
avdelingsleiar bu og miljø
+4745878548
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings
- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur
- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell
- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Stillingsn
-
Personleg Assistent
4 semanas atrás
Município de Satuba, Brasil Aurland kommune Tempo inteiroAurland kommuneSkjerdalsvegen 31, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelPersonleg assistent - fast og vikariatType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Om stillingaMe har ledig 80 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent, og 60 % vikariat frå 11.08.2025.Stillinga er til ein mann med behov for...
-
Støtteressurs I 60% Stilling
Há 2 dias
Município de Olho d'Água Grande, AL, Brasil Sundve FUS barnehage as Tempo inteiroSundve FUS barnehage as 5713 Vossestrand, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Støtteressurs/Assistent Type ansettelse Fast, deltid 60% Arbeidstid Ukedager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest torsdag 11. september I FUS har me store ambisjonar - me ynskjer å bli best på barnehage! Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn...
-
Vil Du Vere Med å Gje Barn Og Unge Ein Trygg Oppvekst?
4 semanas atrás
Município de São Rafael, Brasil Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage Tempo inteiroBjørnafjorden kommune Lysekloster barnehageEdne 19, 5215 Lysekloster, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelFagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehageType ansettelseVikariat, deltid 60%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger2Søk senest torsdag 26. juniVi har ledig 2 vikariat i totalt 60% stilling frå 04.08.25. 30% vikariat til 31.10.25 og 30%...
-
Støtteressurs I 60 Stilling
Há 19 horas
Município de Olho d'Água Grande, Brasil Sundve FUS barnehage as Tempo inteiroSundve FUS barnehage as5713 Vossestrand, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelStøtteressurs/AssistentType ansettelseFast, deltid 60%ArbeidstidUkedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest torsdag 11. septemberI FUS har me store ambisjonar - me ynskjer å bli best på barnehage Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar...
-
Ledig Stilling
1 semana atrás
Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter Tempo inteiroLærdal kommune Borgund oppvekstsenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Barne - og ungdomsarbeidar, 100 % fast stilling Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 1. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her!...