Har du helsefagleg utdanning og ønskjer ein spennande arbeidskvardag?

Há 5 dias


Município de Rio Espera MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro 350.000 - 550.000 por ano

Lærdal kommune Pleie og omsorg

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

100% fast stilling som helsefagarbeidar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 26. oktober

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Pleie og omsorg i Lærdal kommune søker ny, dyktig kollega i 100% fast stilling ved sjukeheimen.

Lærdal bu og- omsorgsheim har 22 plassar, der 6 plassar knytt til demensavdelinga og 4 kortidsplassar. I tillegg har institusjonen også KAD-seng for Aurland og Lærdal kommune.

Heimetenesta yt tenester til ca. 70 teneste mottakarar rundt om i kommunen, deriblant 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader. Me er samlokaliserte, med kjøkken, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, kreftkoordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid

Me søkjer deg med helsefagleg utdanning til ein spennande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus Stillinga har turnus med arbeid kvar 3 helg, med mogelegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.

Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistra sin sjukdom/helseplager i størst mogeleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekka forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetta rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.

Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialisthelsetenesta kring : Medisinsk oppfølging, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering, palliasjon vil vere stikkord i ditt arbeid..

Er dette deg?

Likar å jobbe med menneske.

Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre.

Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert

Fagleg oppdatert og ynskjer å utvikla deg vidare.

Hjå oss får du:

Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Spennande og varierte arbeidsoppgåver.

Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling

Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen

Støttande leiing

Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd

Kva kvalifikasjonar krev me?

Helsefagarbeidar/ hjelpepleiar

Ufaglærte som ynskjer å ta utdanning vert også oppfordra til å søke.

Gyldig politiattest

Gyldig arbeids- og opphaldsløyve

Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia.

Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:

Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling

Gode personforsikringar i arbeid og fritid

Gode mogelegheiter for vidareutdanning

Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

Full barnehagedekning

Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.

Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum

Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Toril Grøthe

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

d788b45f-f164-474f-a05b-93680f144e4a

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3550791_228185_nn



  • Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$40.000 - R$60.000 por ano

    Lærdal kommune HelsesenterØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenterType ansettelseFast, deltid 30%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her...


  • Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Pleie og omsorg Tempo inteiro

    Lærdal kommune Pleie og omsorg Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie. Rekrutteringstilskot Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus, alle dager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 4. juli I Lærdal bur me ikkje meir enn...

  • Ledig Stilling

    2 semanas atrás


    Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta Tempo inteiro

    Lærdal kommune Bu - og miljøtenesta Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 100% miljøarbeidarstilling i bu - og miljøtenesta Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Turnus Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 3. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen...


  • Município de Matipó, MG, Brasil Kinn kommune Tempo inteiro

    Kinn kommune Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Pleiemedarbeidar Kulatoppen Omsorgssenter Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 31. august Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar (HDO) fordelt på 11...


  • Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$60.000 por ano

    Lærdal kommune HelsesenterØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelFulltid 100% stilling som sjukepleiar kombinert Helsesenteret/KAD/sjukeheimType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktober100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)I Lærdal bur me...


  • Município de Iconha, ES, Brasil Forsvarsbygg Tempo inteiro

    Forsvarsbygg 5173 Loddefjord, 4657 Kjevik, Djupdalsveien 155, 7130 Brekstad, Hybridkontor Om jobben Stillingstittel Regional beredskapsleder Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 2 Søk senest søndag 24. august Forsvarsbygg drifter noen av Norges viktigste anlegg, både for forsvarssektoren og for øvrige statlige etater....


  • Município de Rio Espera, MG, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$28.000 - R$42.000 por ano

    Lærdal kommune Bu- og miljøtenestaØyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittel100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu- og miljøtenestaType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest søndag 26. oktoberI Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer...


  • Município de Iconha, ES, Brasil Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS Tempo inteiro

    Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS Fv710 90, 7130 Brekstad, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Overstyrmann i sambandet Brekstad - Valset, p.t. MF Austrått Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest tirsdag 9. september Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1...


  • Município de Rio Espera, MG, Brasil Lærdal kommune Økonomi Tempo inteiro

    Lærdal kommune Økonomi Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor Om jobben Stillingstittel Fulltid, fast stilling som økonomikonsulent Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest mandag 25. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar,...


  • Município de Novo Lino, AL, Brasil DeepOcean Tempo inteiro R$40.000 - R$60.000 por ano

    OPK-VV - Avd. BA/EL/TIP, Vestland fylkeskommune5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke muligOm jobbenStillingstittelUndervisningsstilling Teknologi- og industrifagOppstartjanuar 2026Type ansettelseVikariat, deltid 55%ArbeidstidDagtid, ukedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Søk senest torsdag 16. oktoberVoss vidaregåande skule er ein moderne skule med om...